Sognefjellsvegen (Fv. 55)

Den nasjonale turistvegen over Sognefjellet mellom Luster og Lom er den høgste og kanskje mest imponerande fjellovergangen i Nord Europa (høgste punkt 1430 moh). Her kjem ein tett inn på den majestetiske naturen i Jotunheimen Nasjonalpark.

Sognefjellsvegen (Fv. 55) strekkjer seg frå Sognefjorden i vest til Gudbrandsdalen i aust, og mange kallar dette den verkelege porten til Jotunheimen. Her finn du eit fantastisk utval av dei flottaste og mest minnerike opplevelsane du kan tenkje deg. Mange stader langs ruta kan du vere med på guida turar av ulike slag, og det finst eit stort utval av trivelege overnattingsstader å velje mellom.

Vegen er vinterstengt, men plar opne rundt 1.mai. Informasjon om når vegen er open finn du på www.vegvesen.no