Nymoen Leirplass

Nymoen Leirplass er ei familiebedrift som vart starta opp i 1967. Campingplassen har hytter av høg standard, oppstillingsplass for bubilar og teltplass. Dei ulike delene av plassen er avdelte med til dels store bjørketre og hekkar. Campingplassen ligg idyllisk til mot Eidsvatnet.

Hjarteleg velkomne!

Meir informasjon: http://www.skjolden.com/nymoen

Telefon/faks: 57 68 66 03
Privat: 57 68 67 03
E-post: nymoen@skjolden.com

Hytter – prisar (pr døgn)

Alle hyttene har varmt og kaldt vatn, kjøleskåp og oppvarming.

1 rom / 3 personar13m² kr 680
2 rom / 4 personar17m² kr 810
3 rom / 4 personar
Stove/kjøkken/soverom, dusj/toalett, hems
26m² kr 1050
3 rom / 4 personar
Stove/kjøkken/soverom, dusj/toalett, hems
36m² kr 1220
4 rom / 6 personar
Stove/kjøkken/soverom, dusj/toalett
45m² kr 1450
4 rom / 6 personar
Stove/kjøkken/2 soverom, dusj/toalett
70m² kr 1560

Camping – prisar

Telt/campingvogn, campingbilkr 250/døgn
Tillegg for forteltkr 60/døgn
Vandretelt/ekstrateltkr 150/døgn
Vaksnekr 30/døgn
Bornkr 15/døgn
Straumkr 40/døgn
Sengekledekr 140/seng

(Prisar sist oppdatert: April 2021)