Ser du føre deg at Skjolden kan bli meir enn ein stad du er på ferie? At du, som mange av oss, kan finna det gode liv her?
Då er du ikkje åleine! Fleire har lyst til å flytta til Skjolden, og Skjolden Bygdelag ynskjer difor å ta godt hand om deg som vurderer å flytta hit.
Kva med å ta eit prøveår i bygda for å finna ut om hjarta ditt syng litt ekstra når du vaknar opp i den energiske bygda der fjord møter fjell – inst i Sognefjorden, og sentralt i høve arbeidsmarknaden i Indre Sogn.
Skjolden Bygdelag og Luster kommune har eit bulyst-prosjekt der me inviterer til å «Prøvebu Skjolden» i eit mikrohus i Eplehagen mikrohuslandsby i inntil 3 år. Om du vil ta eit fyrste steg for å finna ut om du vil bu i Luster kommune, så kan me hjelpa deg å trekkja i dei rette trådane. Me vil gjere vårt beste for at arbeid, bustad og sosialt liv blir ivaretatt – og syte for ein varm velkomst til bygda og lokalmiljøet vårt med det gode samhaldet Skjolden er kjent for.
Søk på prøvebu-ordninga i Luster kommune
Her finn du informasjon og søknadsskjema om prøvebu-ordninga. Frist: 1. august 2026.

Kva med å gå til denne stranda kvar dag? Utsikt over skulpturen «Jonsok» og Sognefjorden mot fjellet Molden.
Prøvebu Skjolden – eit eventyrleg år eller tre!

Styret i Skjolden Bygdelag vil gje nye tilflyttarar ein varm velkomst og satsar mellom anna på «Prøvebu Skjolden»
Me kan by fram:
- Subsidiert leige av eit nytt mikrohus i Eplehagen mikrohuslandsby sentralt på Skjolden i 1-3 år
- Ein tilflyttingskoordinator som kan fortelja deg om bygda og kva som er fordelar og «ikkje så glamorøse sider» ved å bu her.
- Omvisning på Skjolden, kom på vitjing for å kjenna på stemninga, sjå utsikta og få oversikt over kva bygda har å freista med.
- Jobbtips! Tenk om me finn akkurat den jobben du er ute etter. Den kan dukke opp gjennom nettverket vårt, om du ikkje finn draumejobben på Stilling-ledig-sider.
- Bygdevert. Tilflyttingskoordinatoren koplar deg med ein du har noko til felles med, og inviterer deg med på aktivitetar som skjer i lokalmiljøet.
- Interesse-match – presentasjon av det varierte fritidstilbodet og kontaktpersonar som kan introdusere deg til dei ulike aktivitetane.
Vi vonar du ynskjer å teste livet inst i Sognefjorden og tek kontakt med oss for å «prøvebu Skjolden»!
Nysgjerrig? Ta kontakt!

Prosjektleiar for Eplehagen mikrohuslandsby Torill (t.v.) og bygdelagsleiar Anne Marie ynskjer nye innbyggjarar velkomne til å prøvebu Skjolden.
Ved spørsmål, ta kontakt med Lisa Kvålshaugen Bjærum:
e-post: lisa.kvalshaugen.bjerum@luster.kommune.no
Tlf. 41 81 59 42
For meir generelle tilflyttingsspørsmål til Skjolden, kontakt med leiar i Skjolden Bygdelag Anne Marie Bolstad.
Eit eventyrleg år i Skjolden ventar kanskje på nettopp deg!
