Kajakktur med Landmark Adventure
Kajakktur med Landmark Adventure
Vil du oppleva Skjolden og fjorden frå vasskorpa? Landmark Adventure tilbyr guida kajakkturar på idylliske Lustrafjorden, med utgangspunkt frå ei skjult og roleg brygge like ved Skjolden Hotel og Fjordstova, møteplassen i Skjolden sentrum.
Om turen
Turen varer om lag 2 timar og passar for heile familien, born frå 10 år kan bli med. Du treng ingen erfaring frå før – turen startar med ei innføring i padleteknikk og tryggleik på vatnet. Alle deltakarar må vera trygge i vatn og kunne symje.
Sesongen varer frå mai til slutten av september.
Dette er inkludert
- Erfarne guidar med lokalkunnskap
- Naudsynt sikkerheitsutstyr (redningsvest, padleåre, spraytrekk)
- Stabile og komfortable havkajakkar, både enkle og doble, samt sit-on-top-dobbel
- Innføring i padleteknikk og tryggleik
- God stemning og fine opplevingar på fjorden
Å ha med
Kle deg etter vermeldinga, og hugs alltid ei vind- eller vasstett jakke. Det blir ikkje delt ut tørrdrakt eller våtdrakt på turane, så pakk gjerne eit ekstra sett med klede – ein kan velta kajakken. På varme sommardagar tilrår Landmark Adventure også badetøy, hovudplagg og solkrem.
Booking og kontakt
Turar bestillast på e-post: jens@landmarkadventure.no Telefon: +47 905 52 895 Adresse: Skjolden 3, 6876 Skjolden







