Urnes stavkyrkje

Urnes stavkyrkje ligg i eit storslått fjordlandskap på eit nes i Lustrafjorden, ei fjordarm av Sognefjorden. Heile fire gonger reiste dei ei stavkyrkje på same staden her på Orneset. Hundre år skulle gå mellom den første og den fjerde, som me kan oppleva den dag i dag. Tømmeret vart hogge i åra 1129–1130, og stavkyrkja er ei av dei eldste og best bevarte. På langveggen mot nord er det brukt om att dekorerte bygningsdelar frå tidlegare kyrkjebygg: portal, veggplankar og ei hjørnesøyle (dei dekorerte gavlane frå same kyrkja er i dag tildekte for å hindra slitasje). Ho er eit eksempel på framifrå handverk og dekoren har spesielt flotte treskjæringsarbeid. Interiøret er særskilt rikt. Både dekoren og det øvrige trearbeidet er prega av både keltiske, norrøne og romanske kunsttradisjonar og stavkyrkja har gjeve namn til den særmerkte urnesstilen. Du kan lære meir om stavkyrkjene på Ornes, gjennom utstillinga i besøkssenteret.

Stavkyrkjene er eit unikt tilskot frå Noreg til verdas kulturarv. Dei fleste vart bygde i perioden 1130–1350. Etter det sette Svartedauden ein stoppar for all byggjeverksemd. Stavkyrkjene er bygde ved hjelp av den mest avanserte byggeteknikken for trekonstruksjonar som fanst i Nord-Europa frå steinalderen til mellomalderen. Truleg har det totalt vore bygde ca 1300 stavkyrkjer. I dag er berre nokre få bevarte, men Noreg har flest med sine 28 attverande stavkyrkjer. Stavkyrkja på Urnes vart innskriven på Verdsarvlista, lista over verda sin kultur- og naturarv i 1979.

Urnes stavkyrkje var tidlegare privat kyrkje for ei mektig familie på Ornes, men vart gjeven til Fortidsminneforeningen i 1880.

 

URNES STAVE CHURCH & Visitor Centre

N-6870 Urnes, Road Urnes – Skjolden /ferry Solvorn – Urnes

Booking for groups; urnes@stavechurch.com tel. +47 57678840

Season 02.05– 30.09. Opening hours 10.30 – 17.45. Local contact; Mrs. Marit Bøen +47 91538565

Adults                                                                                 NOK 80

Groups (min 15 pax), pensioners                            NOK 70

Family ticket                                                                    NOK 190

Students/children                                                         NOK 60