Motbakkeløpet Fanaråken Opp

Motbakkeløpet Fanaråken Opp (www.fanaraaken.com) blir i 2015 arrangert laurdag 8. august for 13. gong. Arrangør er IL Fanaråk.

Starten er ved Turtagrø Hotel 868 moh. Mål er på Fanaråken 2.068 moh ved nord-Europas høgast-liggjande turisthytte. Samla høgdeskilnad er 1200 meter mellom start og mål. Løypelengda er kontrollmålt til 8,4km. Dei fyrste 900 m av løypa går i slak stigning på asfalt oppover Sognefjellsvegen før løypa tek av på grusvegen innover Helgedalen. Etter omlag 4,5 km med om lag 200m samla stigning går løypa bratt oppover fjellstien til toppen av Fanaråken. På 4 km stig løypa 1.000 høgdemeter.

Fanaråken Opp blir arrangert både med trimklassar utan tidtaking og med konkurranseklassar med tidtaking. Deltakarrekorden er 568. Fordi løpet går inn i Jotunheimen Nasjonalpark er det deltakarbegrensning på 500 i konkurranseklassane medan alle som vil delta i trimklassa får delta.

Fanaråken Opp har vorte et populært internasjonalt motbakkeløp som sidan starten har hatt deltakarar frå om lag 20 ulike land. I 2007 vart NM i motbakkeløp arrangert i Fanaråken Opp.

Løyperekordane i den løypa som har vore nytta sidan 2009 tilhøyrer VM- og EM-vinnar i motbakkeløp Anita Håkenstad Evertsen , Øystre Slidre IL, 1.08.26 (2012) og Tomas Bereket , Larvik Turn/ Eritrea 57,30 (2011). Anita har også løyperekorden på 1.05.53 frå 2007 i den løypa som vart nytta fram til 2009. Jon Tvedt, IL Gular har rekordtida 57.18 frå 2008. Begge desse tidene er freda som rekordar i den løypa som vart nytta fram til 2009.

MEIR INFORMASJON:

Sjå www.fanaraaken.com og facebooksida til Fanaråken Opp.