Klatring

Skjolden og området rundt her gjev gode moglegheiter for klatring. På Fjordstova finn ein innandørs klatrevegg. Ein har mange ruter av ulik vanskegrad. Du kan ta med eige utstyr og du klatrar på eige ansvar. Dagsbillett kan du kjøpe i kafé/turistinformasjon.

Besøk https://skjolden.com/fjordstova/ for meir informasjon.

I Fortun 5 km frå Skjolden finn ein Trollsteinen. Dette er eit klatrefelt med 8 ulike ruter. Her har Fortun 4H bygd ein naturmøteplass kalla Krukla der du finn gapahuk, bålplass og klatreløype. Ein kilometer forbi sentrum i Fortun finn ein Kraftverket klatrefelt. Her er det ruter av ulik vanskegrad.

I Fortun treng du eige utstyr og klatrar på eige ansvar.

Besøk https://fortunsdalen.no/klatring.html for meir informasjon.

Turtagrø, 16 km frå Skjolden, er eit flott startpunkt for turar av ulik slag og spektakulære klatreturar. Store Skagastølstind er nok den mest populære, men det er mange andre flotte toppar og.
Norgesguidane AS tilbyr trygg føring i fjellet, kurs og utdanning innan fjellsport.

Besøk https://www.norgesguidene.no/ for meir informasjon.

Facebook: https://www.facebook.com/Norgesguidene