Breheimen nasjonalpark

Breheimen er ei fjellkjede i Sogn og Fjordane (Stryn og Luster) og Oppland fylke, Skjåk og Lom kommune. Området ligg vest for Jotunheimen (Riksveg 55 markerer grensa), nord for Sognefjorden og (sør)aust for Nordfjord og Riksveg 15.

Naturen varierer frå grøne dalar til snaufjell og breområde. Området heng saman med Jostedalsbreen Nasjonalpark og gjev gode høve for såvel fotturar og skiturar, som brevandring, klatring og toppturar.

I nasjonalparken har Den Norske Turistforening eit godt nett av merka stigar og hytter, både innanfor og rett utanfor verneområdet.

Breheimen er også rikt på kulturminner, og ein har funne spor etter menneske heilt tilbake til tidleg steinalder, for ca. 6000 år sidan. I tillegg er det mange viktige naturtypar her, med rik fauna som blant anna femner om store rovdyr og rovfuglartar. Her er eit breidt spekter av naturopplevingar, landskapsopplevingar og friluftsopplevingar.