Sognefjellet Sommerskisenter
Velkommen til Sognefjellet Sommerskisenter.
Løypene våre ligg langs RV 55 i området ved Sognefjellshytta, Fanaråkbreen og Prestesteinsvatnet på Nord-Europas høgstliggande fjellovergang 1400 moh. Me kan tilby vakker og storslagen natur, og topp treningsforhold i velpreparerte løyper. I en årrekkje har me hatt besøk av de beste langrennsløparane og skiskyttarane frå inn- og utland. Skisenteret er ope for enkeltpersonar og grupper, trimmarar og aktive.
Vi har til saman 8 km lange løyper, med løyper for både klassisk og skøyteteknikk. Det er også en standplass for skiskyting. Vanlegvis er sesongen vår frå mai til august.
Sognefjellet sommerskisenter starta i 1972 da me kjørte løyper på Fanaråkbreen. I 1990 fekk me vår første trekkemaskin og flytta då løypa til Sognefjellshytta. No har me to trakkemaskiner og scooter med saltspreiar. Me har høg kompetanse på salting av løyper og har utvikla ein eigen saltspreiar til scooter. Dette gjer at me kan tilby stabile løyper gjennom sesongen. Vi kan også tilby kurs i salting av løyper. Vinterstid leiger me ut trakkemaskinene til lokale klubbar, samt kjører løyper frå Oskarshaug på vestsida til Bøvertun på austsida i påsken.
Målsetjinga er å gje eit best mogleg skitilbod i distriktet og tilby den praktfulle naturen i området, samtidig som me skapar aktivitet og verdiar i lokalmiljøet.
Du kan kjøpe dagkort og halvdagskort på Sognefjellshytta. Informasjon gjennom sesongen finn du på Facebook (Sognefjellet sommerskisenter).
For informasjon eller bestilling for grupper ta kontakt med:
Sognefjellet sommerskisenter:
2687 Bøverdalen
Dagleg leiar: Ove Fortun
Telefon: 915 34 180
E-post: ovefort@frisurf.no
Sognefjellshytta:
Telefon: 612 12 934
E-post: post@sognefjellet.no