Nigardsbreen

Nigardsbreen er ein av dei lettast tilgjengelege brearmane i landet, og berre ein times effektiv køyring frå Skjolden.

Etter ein kort båttur over brevatnet kan du komme tett inn til blåisen på eiga hand, eller bli med breførarar opp på isen.
Når du reiser opp den særmerkte Jostedalen, kjem du til Breheimsenteret, som er eit informasjonssenter for Jostedalsbreen Nasjonalpark. Frå Breheimsenteret er det berre 3 kilometer til parkeringsplassen ved Nigardsbrevatnet.

Jostedalen med si soge om Jostedalsrypa, gamalt jordbruksland og den gåtefulle naturen er eigna til ettertanke. I denne naturen produserer breen også veldige energiressursar som kjem landet til gode i form av elektrisk kraft.

I denne naturen har kunstnarar funne næring til nokre av dei store kunstverka i norsk nasjonalromantikk.

MEIR INFORMASJON:

http://www.jostedal.com/