Fjord Adventure

Bli med på Fjord Adventure på Sognefjorden, og opplev noko av det beste norsk fjordlandskap har å tilby!

Fjord Adventure:

Med vind i håret, og til musikk frå stereoanlegget, glir du over Lustrafjorden i ein komfortabel RIB-båt. Du får oppleve fjord, fjell og høge fossefall sett frå fjorden, samt høyre guiden fortelje om området og dele lokale historier.

Turen startar ved Skjolden Brygge og går vidare langs nordsida av Lustrafjorden. Me får fin utsikt over kjende attraksjonar som til dømes Gamle Lerum saftfabrikk og tidlegare Luster sanatorium, Harastølen. Eit av høgdepunkta på turen er utsikta mot den 218 meter høge Feigumfossen. Me gjer korte stopp for å ta bilete, høyre lokal historie og nyte naturen. Undervegs kan me også møte på nysgjerrige kobbar og niser som dukkar opp og helsar på. På vegen tilbake går me langs sørsida av fjorden og opplever nye fossefall og naturperler.

Fjord Adventure + fossevandring:

Kombiner RIB-båtturen Fjord Adventure med ein guida vandretur til den 218 meter høge Feigumfossen. På denne turen får du komma opp mot foten av Feigumfossen og får oppleve fossens kraftige natur på kroppen! Ein opplevelse du seint vil gløyme!

BOOKING:

E-post: post@adventuretours.no

Tlf.: (+47) 957 66 385

MEIR INFORMASJON:

www.adventuretours.no