Fjordstova
FJORDSTOVA er ein møteplass både sommar og vinter for alle som bur her eller vitjar bygda. Bygget er ope kl 08-22 kvar dag for dei som vil innom og sjå, setje seg ned eller bruke dei offentlege toaletta. Huset og bassenget er betjent etter opningstidene under.
Sommar
KAFE Open 20.6 – 20.8 kvar dag, minimum ope kl 14-19 eller lengre.
Kafeen tilbyr enkle lunsjrettar og middag kvar dag, i tillegg til mini-kiosk, kaker, smørbrød, vafler, brus, is, sjokolade, te og kaffi.
Haust-vinter-vår
Open kafé tysdag og fredag (18 – 21) og søndag (16 – 19). Enkelte søndagar serverar me middag.
SYMJEBASSENG 12,5 m x 6 m, i tillegg til barnebasseng. Djupn 90 cm – 1,5 meter. 28 grader i vatn, 30 i luft. Garderobar, badstu og WC.
Barn opp til 10 år må bada saman med vaksne., og det skal alltid vera minimum 2 badande. Vi har ikkje alltid badevakt, men i deler av opningstida. Sal av billettar i kafeen, dagbillett eller årskort 1.1-31.12. Sal også på vipps # 713103. Bassenget er alltid ope når kaféen er open. Elles etter avtale.
TOALETT Offentlege toalett og handicap toalett med stellerom for småbarn
INFO-PUNKT Berøringsskjerm og brosjyrer frå området til fri bruk.
KLATREVEGG 12 meter høg, 7 ruter. Vi har ikkje utleige av utstyr. Ein må klatra ilag med noko som har sikkerheitskurs for å bruka veggen. Kjøp av billett i kafé eller på vipps 713103.
SKYTEBANE 25 meter pistol og gevær kaliber 22. Kan leigast etter avtale med Skyttarlag/ Pistolklubb.
UTSTILLINGAR Ludwig Wittgenstein utstilling. Vår Verdsarv – ei interaktiv utstilling om Urnes og dei andre verdsarvstadene.
STYRKEROM Treningsrom med ulike apparat. Kjøp av årskort eller dagpass på vipps 713103.
SALEN I underetasjen har vi festsal med uttrekkbart amfi for 145pers. Kapasitet med stolar på flatt golv er totalt ca. 200/250. Eigen tilkomst for lastebil. Prosjektor, lerret og eige kontrollrom. Tilhøyrande garderobar med dusj og wc. Datatilgang, lys og trådlaus mikrofon.
MØTEROM «Biblioteket» med kapasitet på 40-50 pers. og «Kontorstova» kapasitet på 10 personar, har begge moderande teknisk møteutstyr som lerret og prosjektor eller visningskjerm med videooverføring.
UTLEIGE AV LOKALE Fjordstova egnar seg godt til møter, konferansar, bryllup, minnestund, konfirmasjonar og andre selskap. Vi tilbyr leige av lokale og kjøkken til eige bruk, men også leige av lokale inkludert mattilbod, servering og vask. Ta kontakt for eit godt tilbod.
HUSFLIDSBUA Suvenirbutikk med lokalproduserte husflidsprodukt og gåveartiklar frå Luster og andre deler av landet. Open i hovudsesongen og på førespurnad.
KONTORFELLESSKAP Vi har 6 nye, lyse og moderande kontor for ulike aktørar innan næringslivet. Eit av dei er fast drop-in kontor. Eige pauserom/møterom med fellesbruk av kontormaskiner. Treng du kontor for kort- eller langtidsleige, kontakt oss på fjordstova@skjolden.com.
PARKERING Det er gratis parkering ved Fjordstova. Vi har 3 ladestasjonar for elbil nede ved elva.












