Fotball

Gode fotballfasilitetar

På Skjolden finn du fotballbane og ballbinge. Fotballbana ligg nede ved fjorden saman med sandvolleyballbane og badestrand. Fotballbana vert nytta til miniputtrening vår og haust og trening for 8.klasse og oppover to gonger i veka. Vinterstid spelar ein i salen på Fjordstova. Ballbingen ligg på Skjolden oppvekstsenter langs vegen til Bolstad, og er i bruk i skuletida.

Begge fasilitetar er opne for bruk gjennom sommarhalvåret.

Dersom ein ynskjer å nytte fotballbana til arrangement ta kontakt med IL Fanaråk ved Anders Fortun:

Tlf.: 918 70 044

E-post: a-fortun@online.no

https://www.fanaraak.no/