Fjordstova

FJORDSTOVA er ein møteplass både sommar og vinter for alle som bur her eller vitjar bygda. Bygget er ope frå morgon til seine kvelden for dei som vil innom og sjå, men er betjent etter opningstidene under.

Her finn du:

KAFE Open 20.6 – 31.8 2021 dagleg.

Kafeen tilbyr enkle lunsjrettar og middag kvar dag, i tillegg til kaker, vafler, is, brus, sjokolade, te og kaffi. Opningstid kan variere litt, men den er stort sett open mellom 13.00 og 19.00.
Ope tysdag og fredag (kafe 18.00 – 21.00) og søndag (kafe med søndagsmiddag 16.00 – 19.00) i vinterhalvåret.

SYMJEBASSENG 12,5 m x 6 m, i tillegg til barnebasseng. Djupn 1,5 meter. 28 grader i vatn, 30 i luft. Garderobar og WC.
Barn opp til 10 år må bada saman med vaksne. Vi har ikkje badevakt. Sal av billettar i kafeen, dagbillett eller årskort.
Skjolden Hotel sine gjester nyttar bassenget som dei vil heile dagen. Spør hotellbetjeninga om nøkkel.

TOALETT Her finn du offentlege toalett og handicap toalett med stellerom for småbarn

KLATREVEGG 12 meter høg, 7 ruter. Selar og tau kan leigast. Kompetanse på sikkerheit blir krevd.
SKYTEBANE 25 meter pistol og gevær kaliber 22. Kan leigast etter avtale med Skyttarlag/ Pistolklubb.
UTSTILLINGAR Breheimen nasjonalpark utstilling. Wittgenstein utstilling. Ibsen og Grieg sine turar over Sognefjellet. Salsutstilling av biletkunstnar Signe Fortun Weka sine akvareller frå fjella og naturen i området.
STYRKEROM Treningsrom med ulike apparat. Kjøp av årskort med nøkkeldepositum i kafeen.
SALEN I underetasjen har vi festsal med uttrekkbart amfi for 135 pers. Kapasitet med stolar på flatt golv er totalt ca. 200/250. Eigen tilkomst for lastebil. Prosjektor, lerret og eige kontrollrom. Tilhøyrande garderobar med dusj og wc.
MØTEROM Møteromma «Gamleposten», «Wittgenstein-rommet» og «Hemsen» har kapasitet på 20 – 50 personar og kan leigast ut. Kafeen har kapasitet på ca 150. Her er det lerret og prosjektor.
FILMKROKEN Rom med glasvegger og lenestolar for ca 15 pers. Storskjerm, prosjektor, DVD, Apple-TV, Nettflix.
Kan leigast til mindre møter, t.d. skype-møter.
UTLEIGE AV LOKALE Fjordstova egnar seg godt til møter, konferansar, bryllup, gravferd, konfirmasjonar og andre selskap. Vi tilbyr leige av lokale og kjøkken til eige bruk, men også leige av lokale inkludert mattilbod, servering og vask. Ta kontakt for eit godt tilbod.
HUSFLIDSBUA Suvenirbutikk med lokalproduserte husflidsprodukt og gåveartiklar frå Luster og andre deler av landet. Open i hovudsesongen og på førespurnad.

WIESE ØKONOMI
KONTORFELLESSKAP Vi har 6 nye, lyse og moderande kontor for ulike aktørar innan næringslivet. Eige pauserom/møterom med fellesbruk av kontormaskiner.Treng du kontor for kort- eller langtidsleige, kontakt oss på fjordstova@skjolden.com.

PARKERING Fjordstova disponerar gratis parkering til alle, rundt inngang og nede ved elva.

VELKOMMEN TIL OSS HEILE ÅRET!